Her er bileta frå turen som André, Anders, Pål og Frode var med på til Lofoten i regi av Fri Flyt og Nordnorsk Klatreskole i mars '02
I mars '03 reiste Bjørnar og André nok ein gong på topptursamling med Fri Flyt til Lofoten. Som bileta syner, vart det regnver store delar av helga, og dermed lite skikøyring. Dei frammøtte fekk derimot prøve høghastigheits motorgummibåtar i høge bølgjer. Det vart óg tid til å prøve fiskelukka. Det vart sagt at folka på denne turen sannsynlegvis er dei einaste som har prøvd Lofot-fiske utan å få ein einaste liten fisk!