Galdhøpiggrennet '03

Fredag 4 april: Vi reiser frå Oslo med sporvogn rett etter arbeid, og hentar André på G-moen. Deretter går vegen opp mot Spiterstulen. Vi hadde nok mistanke om litt vind på piggen ettersom det var relativt kraftig vind i låglandet. Vi kjem til Spiterstulen litt før elleve om kvelden, eit par timar etter det obligatoriske informasjonsmøtet. Det var stiv kuling når vi kom opp dit, men vi ville likevel prøve å setje opp lavvuen. Vi hadde lånt ein 16-mannslavvu med ganske tjukk, tung midtstong. Med lavvuen sin konstruksjon var det uråd å få sett opp lavvuen, så vi prøvde å forminske den litt. Etter mykje bask og graving og diverse gloser fekk vi opp lavvuen i miniformat. Vi gjekk då opp for å hente startnummer. Då vi 5 minutt seinare kom nedatt til lavvuen hadde den blåse ned. Nabocampen var nokre militærfolk med 3 stk 22 kvm brigko-telt. Dei baud oss plass der, noko som André og Anders takka ja til. Eg la meg baki bilen. Etter ca tre kvarter kom det ei fæl vindkule og tok med seg to av brigko-telta i tillegg til ein lavvu. Det vart ganske kaotisk ei stund, men etter ei stund hadde ein god del av folka innlosjert seg på toalett og liknande. Underteikna sov som ein stein heile natta.

Laurdag 5 april: Vi starta turen opp mot Galdhøpiggen rundt 8 om morgonen. Det var framleis ganske kraftig vind og lite sikt. Vi hadde kome eit godt stykkje opp mot piggen, då vi fekk beskjed om at starten var flytta nokre hundre meter ned på grunn av uver og dårleg sikt. Vi starta rundt halv tolv, og det gjekk ganske bra med oss alle. Underteikna datt 3 gonger, men vi kom likevel ganske samla inn til mål på tida 3 min 29 sek, noko som kvalifiserte til ein 11.plass av 87 deltakande lag. Vi klarte berre nesten å bli Valdres beste lag, ettersom Gærningen1 tok 10.plassen rett framfor nasen vår. Revansj neste år! Rett etter målgang starta festen, og det var veldig bra underhaldning i målområdet. Vi sosialiserte oss ein del med Gærningen Skiklubb som også kjem frå Valdres og hadde 5 lag påmeldt i konkurransen. Vi fekk spandert middag av nokre veldig hyggelege folk frå Nord-Østerdalen. Vi var innom mange lavvuar og rom før vi enda opp på premieutdelinga. Det var veldig god stemning, men det vart litt langtekkeleg. Det var bra underhaldning, med både stev og hallingkast. Festen var slutt for dei fleste ved 3-tida på natta.

Sundag 6 april: Ein god del folk går toppturar eller testar kite og liknande. Vi skravlar ein del med forskjellige folk, før vi vender nasen nedatt med ei fullstappa sporvogn.

         

Mange takk til samarbeidspartnararne våre på turen:

Reinli 4H
VISA makes Tippen ski